Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Hovdeåsen 05.06.2011


Hovdeåsen var i godlune då Fjellhug inviterte til tur søndag 5. juni. Sola skein, fuglane kvitra og frammøtet var godt. I alt 18 personar var med til topps. Av desse var tre i beremeis, den yngste på berre 10 månader. Trass si beskjedne høgde på 369 m.o.h. byr Hovdeåsen på ei framifrå utsikt mot øyar, fjord og fjell.


På toppen gav vi oss god tid til mat og prat. Ein av deltakarane hadde med bålved og fekk fart på pølsegrillinga. Ein annan steikte sveler på primus (inspirert av ferjene nede på fjorden?). Og ein tredje hadde spikka seljefløyte og framførte "Happy Birthday" til turleiaren som fylte år.


Returen la vi om råsa ned til gardane på Hovden. Dermed blei det ein fin og variert rundtur.