Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Molladalen 10.08.2008


Ein strålande dag, og turleiarane fekk seg ein skikkeleg støkk då dei kom til fergekaia i Hundeidvik. Bilar opp til krysset og alle i bilane var utstyrt for å gå fjelltur.


På fergeturen vurderte vi alternative ruter då et var litt tøft med så mange opp gjennom Jønshornrenna. Turleiarane var takksame for at Vassendgutane kvelden før spelte på Ikornnes, det gjorde at 1400 potensielle fjellgåarar hadde slik skallebant at dei ikkje var istand til å tenke på nokon topptur.


Men oss andre kom oss på tur, vi parkerte Knut sin bil nede i Barstadvika slik at vi hadde muligheit for alternativ retur.


Turen starta frå Melbøsætra og etter omlag 1.5 time nådde vi den fantaskiske Molladalen. Etter at vi hadde hatt ei pause ville 5 stk snu, men 33 tusla seg vidare i ulikt tempo mot toppen, på to eller fire. Like under toppen var det eit parti som var noko luftig og mange trong ei hjelpande hand, men ALLE nådde målet.


Høgfjellet viste seg frå si absolutt beste side, fin temperatur, vindstille og super utsikt. Pausa på toppen blei truleg litt lang for dei som kom først, men alle fekk rikeleg tid til eting og fotografering. Turleiarane hadde då bestem at returen skulle gå om Ramtinden og Gamlestølen til Vollane der Knut sin bil stod. Dette gjorde at vi fekk ein fin rundtur. Ein stein blei utløyst då vi gjekk ned ei renne, denne trefte ein I haudet slik at han fekk ei mindre blødning. Dette kunne gått skikkeleg gale, og det viser kor viktig det er at det blir ropt "stein", slik at vi andre kan vere forberedt.


Vi nådde Vollane ca 1845 og transport for bilførarar blei organisert, medan vi andre fekk slappe av i vegkanten og røle av ein fantastisk tur.