Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Saksa 04.07.2010


Vi parkerte bilane ved ferjekaia på Leknes og tok til beins direkte der i frå. Først via gardsveg og traktorveg før stien på vestsida av Leknesnakken tok til. Nokre hadde ankome med båt og hadde "tjuvstarta" på turen litt tidlegare. Men snart var heile flokken på 14 personar og berre ein hund samla, og framrykninga mot hovudtoppen på 1073 m.o.h. kunne ta til. Alle kom til topps og kunne kvile auga på smellvakre landskapsformer. Dei fleste tok også med seg dei påfølgjande toppane bak for å gå seg litt ned, før gruppefotografering og matykt.


Grei nedtur i litt vaklevora ur. Mot slutten var stialternativet som leia direkte ned til Urke valt for å få ein rundtur om Leknesnakken. Bratt, men grei sti.


Dei mest heite og sveitte kjølte kroppane med eit forfriskande bad ved Leknes ferjekai.