Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Solnedgansstur til Flathornet 04.06.2010


Eigentleg skulle det ha vore fisketur til Storkaldhussæterdalen denne helga men grunna noko usikker is og dårleg med isbor


måtte denne perla av ein tur flyttast til ut i august. Vonlegvis ein isfri tur dersom vårherre ser i miskunn til oss varmehungrige sjeler og skrur opp termostaten lite grande! Nok nordavind no! Langeneset kom då opp som eit alternativ,men grunna smålaber interesse siste åra knalla vi heller til med solnedgangstur til Flathornet frå grendahuset i Hundeidvika denne tindrande klåre fredagskvelden tidleg i juni.


Det var lenge usikkert med turleiar pga. ryggproblem,men det ordna seg til slutt.Derav den noko knappe annonseringa,same dag.3 tindekåte trulter og ein ryggplaga trult møttest ved grendahuset i 1930 tida. Ein kjapp telefon og ein rask køyretur seinare fekk vi i tillegg med oss bikkjevikjas mest turkåte son.


Vi peila oss inn på den noko bratte nordvestryggen denne solstrålande kvelden.Ingen tydeleg sti,men fleire gode hjorteråser oppover skogslia. Vi følgde eit gammalt fonnfar mot skoggrensa. Litt meir storsteina ur mot toppen, men heldt vi ryggen var der greitt å gå.


Nesten oppe dreia vi mot vest og svinga inn i Melfallet,der fann vi ein snøfri oppgang til platået. Tett før solnedgang entra vi denne samtidskunst-liknande installasjonen, der många vardar og finurlege steinheller på høgkant fanga vart vestnorsk vårlys.Sterke sanseopplevingar for sveittevåte fjellsveinar. Nydeleg solnedgang utom Nordøyane, klår og rein utsikt mot byen og alle øyane. Magisk lys innover Hjørundfjorden mot sylskarpe tinderekkjer


kring Molladalen og resten av Ørstafjella.


Noko meir avrunda toppar mot aust, men lyset like magisk der det gjekk over i duse pastellfargar medan sumarnatta lista seg på tå rundt oss. Ei lita feiring blei det også tid til då det viste seg at leiaren vår runda år når urvisaren bikka midnatt.


Returen nedatt den friske fjellryggen gjekk fin-fint i mystisk blått nesten-midtsumars-midnattslys. Nede ved grendahuset vel 0130 var alle einige om at dette frista til gjentaking ved eit seinare høve. So e øss like heldige med veret blir det nok fleire solnedgangsturar på programmet?