Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Vallanyken 05.04.2010


Kanontur i nydeleg påskever.


Terningkast: 6


Rein nyting frå start til slutt, som å ete sjokoladepudding med vaniljesaus.


Kunne gå på ski inn til stigninga mot Regndalen om ein ville. Der i frå til fots med skiene over herda opp til Gamlesætra. Her vart fjellskoene lagt att og vi kunne halde fram på ski heilt til topps.


Turleiar Geir Helge leia hovudtroppa i jamnt og trutt tempo medan 2.pilot Ove heldt att i den andre enden. Berre flottare og flottare utsikt etter som ein steig i høgde. Tindepanorama utan like frå toppen.


Eit fantastisk område som burde vore landskapsvernområde for lenge sidan (t.d. Rånahalvøya landskapsvernområde).


Suuuupert telemarksføre nedatt. Berre heeeerleg!! Knall avslutning av påska.


Turstart ca. kl.10.30. Siste nedatt ca. kl.18.10 (då hadde dei første sikkert både dusja og ete middag).