Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Løsethornet 28.03.2010


I Fjellhug har vi hatt som tradisjon dei siste åra at turen på Palmesøndag skal vere ein lett tur for heile familien. Men i år var alle deltakarane 45 år eller eldre, så kanskje er dette ein del av senior satsinga som var diskutert på årsmøte.


I tillegg til turledarane møtte to andre fjellhugarar. Oppmøte var på kulturhuset på Aure kl 10.30.


Alle møtte presis sjølv om vi hadde stilt klokka fram ein time.


I samla bil kolonne køyrde vi til Løseth i Ramstaddalen. Veret var ikkje av det beste slaget, men litt lett snøvêr var ikkje nokon hindring for å gå på tur.


Vi følgde den nye sætrevegen ( traktor veg ) nesten fram til Løsethsætra. Vel oppe på sætra tok vi oss ein liten rast ved selet til garden Skuleplassen. Enkelte kombinerte det med å skrape bort klabb under skia.


Vi gjekk eit lite stykke vidare på råsa inn mot Løsethvatnet før vi skråa opp over mot hornet på venstre sida av dalen. Veret vart no lettare, men skodda låg i toppane. Vi sette oss på den høgaste toppen vi såg i skodde havet og kosa oss med restane av kaffien m.m. Totalt bruke vi 2 - 2,5 timer med pause.


Turen ned igjen gjekk raskt unna når vi hadde kome oss ned om steinane som stakk opp av snøen rett under toppen.


Det var berre så synd at vi ikkje skulle få nyte utsikta over Ramstaddalen, men til trøst var kun ein av deltakarane som ikkje hadde vore på toppen tidlegare. Ho for ta opp igjen turen seinare, for no veit ho vegen.