Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Dalmannshorn 28.02.2010


Siste søndagen i februar, den 28., samlast 19 fjellfrelste og turkåte hugarar til sesongens første felles-sprell på ein heller iskald parkeringsplass nær eit herverande skianlegg i Hevsdalen. Minus 14 grader viste målaren i bilen på det kaldaste over Strandafjellet.


Dei aller fleste prøvekøyrde stolheisa hass Frank (ordføraren). To stapeisar måtte labbe trekktraseen til endes då dei ikkje heilt stolar på slike nymotens påfunn. Den største optimisten hadde gløymt att skiskoa, men rask som har var rakk oss å treffast ved inngangen til skuggane sin dal (Langedalen). Etter ei kald og frisk oppleving kunne vi stuke elegant ned mot Åndalsheia på pelskledde ski. Eit sol-strålande panorama bretta seg ut framfor oss, kuldegradane var som jaga vekk i dette glitrande høglandet av silkemjukt skiføre. Og der, innpå ein passande haug ved foten av Dalmannshornets lange austrygg hadde dei sessa seg, fjellryper og skogsryper i flott blanding. Når øss kom nærare viste det seg at hugarane hadde solrast før stigninga mot tindens topp.


Lang og seig var han, fjellryggen, men kva gjer vel det, med slike naboar som kulissar. Eg nemner i tilfeldig rekkjefølgje; Leirvasshornet, Smørskredtindane, Risenosa, Brekketindane, Saurdalsnibba, Brunstadhornet. Alle kledde for anledninga i høgvinterkvit skrud strålande mot oss kvitbleike og solhungrige fjellfantar lukkeleg vaggande mot høgste nuten...


Seigt å kome opp, sveittevåte trøyer blei rekordraskt bytta mot lunare plagg, godt å vere menneskekryp 1476 meter over speglande vestlandsfjord. Bratt og brå utstikt ned i Brunstaddalen, langt utover mot storhavet i nordvest, snillare mot Tafjordfjella og Jostedalsbreeen i aust og sør. Stolte Brekketind med spisse Slogen og trauste Jakta i perfekt siluett!


Nedover att måtte oss leite litt etter låmeføret, skuggane blei lange bortover Åndalsheia, feller av ved inngangen til Langedalen. Slitne lår skrensa viljelaust på dyr kunstsnø ned trekktraseen mot minus 12 grader ved parkeringsplassen.


Ca. tidsbruk opp 4 timar, ned 3 timar, totalt med pauser 7 timar.


Ein dag for minneboka!