Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Ausskjeret 27.04.2008


7 stk møtte opp på Velledalen klar til ein fin vårskitur. Halvskya ver og ikkje topp meldingar gjorde nok at ein del velgde å droppe skitur denne dagen. Men det angra dei sikkert på ettersom veret blei heilt topp utover dagen. Føret var lett og fint, og første rast etter skogen var Alnossetra.


Turen vidare går i slak stigning innover dalen før vi gegynner på stigninga. Neste pause var prega av noko kald vind som gjorde at enkelte måtte tvihalde på pålegget på brødskiva (bedre med smøreost?)


Alle 7 kom seg til topps og kunne nyte vakker utsikt. Nedrennet frå Auskjeret er berre heilt nydelig og vi koste oss alle saman.


Neste stopp blei nok ein gong Alnossetra der vi tok ei lang pause og berre nytte varmen frå sola. NOkre kosa seg med kaffi og niste, andre sov middan .. zzzz, medan andre kreative sjeler laga snøskulpturer som nok vil vekke stor oppmerksomheit frå andre forbipasserande (det var ikkje heilt vanlege snømenn kan du sei...)


Turen blei avslutta med eit godt måltid på Nilsgardstunet i Stordal, så dette var ein flott tur med påfyll både for kropp og sjel.