Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Gullmorhornet 16.08.2009


Det såg ut til at flesteparten av potensielle turgårarar hadde sett kritisk på Yr. no. Tre stk hadde sett på pent.no og møtte derfor opp kl 9.00 klar til start. Det var to halvunge turleirar samt ei ung budeie. Veret var usikkert, vi starta å gå med mottoet ser det an. Himlens sluser opna seg imidlertid ikkje. Mykje vatn i elvane innover dalen med våte sokkar for den med dei lavaste skoa og kortaste føtene.


Oppover og oppover. Matpause i Gullmordalen. Vidare oppover, sikt og greitt heilt til 30 m frå toppen. Bang. Plutseleg kom skodda og regnet. Kort stopp, so rett nedatt. Budeia var her vel tilfreds med to turleiar til disposisjon, over hamrar og steinar som no var blitt betydeleg sleipare. Vel nede ved fjellfoten forsvant skodda og nedbør like brått som det dukka opp. Nede i Gullmorvatnet plukka vi opp ein sovepose som låg og andøvde i fjøresteinane. Etter ein kort begavelsesseremoni i ura, vandra vi vidare på vegen heim. Nedatt kom vi då etter kvart.