Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Råna 04.07.2009


Sola hadde steikt frå blå himmel ei heil veke, og denne dagen var ikkje stort annleis. Heitt. Frå første steg var det berre å kaste kleda so mykje sømelegheita tillot. Til glede for flåtten. Han fekk vel sitt der oppi Valljaskogen, då 13 halvnakne kroppar bydde seg fram. Den blodsugaren.


Etter ein solid drikkepause oppe ved Regndalshammaren, lunta vi vidare på første-gir, stundom på andre. Kjell og Jon kasta seg i det iskalde brevatnet, for å vere på den sikre side, slik at motorane ikkje byrja å koke. Det såg ut til å vere ein usedvanleg bra strategi, ettersom begge to var svært so lette til beins resten av dagen. Snart sat vi alle under brekanten og gomla brødblingsar, drakk meir vatn, og endå meir.


Tauet vart utlagt, og alle fekk tildelt kvar sin tamp å hekte seg inn på. Ingen av oss var særleg lystne på å bli bre-mat. Han kan vere storkjefta på sitt verste. Dermed barst det i veg oppover breen. Som perler på ei snor, vel. kanskje ikkje perler akkurat, men vi følte oss iallfall i perlehumør. Breen viste seg frå si beste side, sprekkene kunne omgåast uten store problem, og snart stod vi på trygg grunn oppe i skaret syd for Midtre Regndalstind. Planen klyve opp på toppen og følgje egga vidare bort mot Råna-platået. Men planen viste seg å ikkje stemme heilt med terrenget. Dei som hadde vore her før kunne ikkje hugse at her var såpass bratt og utsett. Sjølv om det berre var ein 6-7 meter høg "klivre-passasje" som skilte oss frå vidare framrykk, så lot vi sikkerheita gå føre alt anna. Vi var tross alt tretten i talet, og mangla kilar til å sikre med. Ikkje det beste utgangspunktet akkurat. Eit fall her ville ha vore fatalt. Dermed blei det retrett. Men ikkje dermed sagt det var ein slagen gjeng. Langt ifrå.


Det skulle vise seg å bli ein strålande festfjelldag likevel. Vi knytte på oss tauet igjen, og kryssa breen bort til skaret mot Grøtdalen. Etter ei solid matykt og pleie av solbrend hud, var det berre å velje frå øverste hylle: Dei to badarane besteig Søre Regndalstind, åtte stk gjekk på Store Kløvheitind, ein naut livet og tusla åleine som fortropp ned Grøtdalen til Urkesetra, der to bilar stod parkert (køyrt inn kvelden før). Medan tre av karane returnerte til Velledalen via Storbreskaret, samlast resten av gjengen øverst i Grøtdalen etter toppbestigningane, og gjekk i meir eller mindre samla tropp nedetter. Som venta blei det ein del kaving og baksing nederst i dalen, der bratte bakkar med mose, sleipt gras og tett kratt gjer alt i si makt for å overrumple stive lårmusklar. Det må seiast at Skaparen har gjort nokså slett arbeid i dette området. Men alle kan ha ein dårleg dag på jobb. Alt i alt var det likevel ein strålande tur og alle synast å vere godt nøgde, sjølv om det ikkje blei Råna denne gongen.