Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Botnen 06.06.2009


Også i år var familieturen lagt til Langenesvatnet innerst i Straumsdalen. I eit par veker hadde siste restane Kong Vinter knaka på døra, med nysnø i fjella og med kaldt og vått ver. Meldingane for helga varsla ei viss betring, med opphald men ikkje den store varmen.


Vi var 4 stykker som møttes ved bommen, og med lånt nøkkel fekk vi køyrt utstyret ned til vatnet og lasta ombord i kanoen. Jorunn, Erlend og Lars I. padla innover, medan Anne M. gjekk råsa innover. I god medvind gjekk det fort å kome inn i sørenden av vatnet, også kalt Botten,( som ikkje må forvekslast med botnen av innsjøen).


Her inne på den fine stranda hadde grunneiagarane laga til fin bålplass med benkar og grue. Litt opp i skogen var det også laga ein fin utedo. I tillegg var her ein palle med ferdig ved, rett nok ikkje av det tørraste slaget. Heile området var nesten blitt som ein sjølvbetjent campingplass, med boks for å legge i pengar i den størrelsesorden ein sjølv ønsker å betale. Vi syntes dette var eit flott tiltak for å halde området ryddigt og reint.


Vi slo opp telta og tente bål og etter kvart starta også matlaginga. I år var det ikkje freistande med bading, men det positive med litt kjølig vind frå nord er at då er det fritt for knott og mygg.


Seinare ankom Jon i ein godt lasta kano. Med seg hadde han Asgerd, Jens, Johanne og Petter. Sistnevte har vel ikkje vore med på fjellhugtur sidan han låg i barnevogn på ein tur i Nordfjord ein stad, for mange år sidan.


Bålet brant jamt og praten lett til dei små timar, medan ungane padla og fiska innimellom.


Neste dag opprandt som ein tørr og grå dag. Vi foretok ein inspeksjonstur til gamma oppe i skogen, for så etter kvart å legge turen heim att.


Alt i alt ein fin tur uten nedbør av noke slag, men med færre folk enn normalt på desse turane. Som vanleg beit fisken dårleg.