Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Dravlausnyken 21.06.2009


Gatekampane herja i Teheran (prestestyre = valfusk), Ålesund slikka såra etter eit usselt heimetap mot Rosenborg (0-3), konene til laksefiskarane gjekk ei bekmørk tid i møte, .. medan 11 fjellhugarar vandra glade og uberørte i skogen oppover mot Koppen frå Hjortdal, og lot resten av verda gå sin skeive gang. Snart vart vi tolv: Ove kom travande etter eit noko seint oppmøte, slepande på ein lei lungebetennelse. Bra han er i god form.


Første matrast oppe på Koppen, der vi også hanka inn mange poeng i trimkassa (i motsetnad til Aafk-slubbertane). Råsa til Koppen er for øvrig i umåteleg godt opptrakka stand, ettersom dette er heimearenaen til Åge (Arsenal-fan). Skodde-dottane nekta å sleppe taket i fjellsidene, men med optimisten og godvers-agitatoren Lars P på laget følte vi oss i trygge hender. Vi steig jamnt og trutt i høgda, skogen låg bak oss, fuglekvitteret spakna og snart kunne vi kike over kanten oppe på Tretindane.


No var dei tyngste motbakkane unnagjort. Innover ryggen mot Dravlausnykjen er det meir som ei sjarmøretappe. Ved foten av toppen studerte vi den mykje omtalte fjellsprekka, som i fylgje rykta skal utvide seg år for år, før den tek med seg heile "nykjen" og ramlar ned i hauda dravlausfolket. Då vert det ingen vakker dag, same kva Lars P seier. Men vi trudde ikkje stort på dette. I vår levetid har det ikkje vore merkbare endringar, så det vil iallfall ikkje skje so lenge førstegenerasjons-hugarane lever.


Oppe ved varden hadde vi ingenting å klage over: Fin temperatur, nesten vindstille, saftige brødblingsar og framifrå fugleperspektiv ned mot den idylliske Fitjagarden omkransa av grøne slåttemarkar, samt ei rekkje mektige tindar på Rånahalvøya. Vi hadde det godt. Planen var å returnere til Straumgjerde. Vi fortsette difor vidare utover egga, som no smalnar av og byr på eit par luftige punkt.


Då vi kom til slakkare terreng og gjorde oss klare til nedstigninga mot Langenesvatnet, traff vi ein kjend kropp. Det var Asgeir som var ute på eiga hand. Han overnatta nede på hytta si og hadde no vore oppe på eggas høgste punkt. Vi gjorde det klinkande klart at dersom han ville behalde vennskapet og framtidige fjellhug-verv, so måtte han stille med nysteikte vafler nede på sætra. Asgeir la på sprang i jase-fart nedetter fjellsida, medan oss andre tok det rett makeleg. Då vi nærma oss sætra låg vaffeldufta som eit bombeteppe utover skog og hei. Endåtil småkre'ne stakk nasene over vassyta og lurte på kva slags aroma dette var. Asgeir hadde hanka inn manglande ingrediensar hos hyttenaboane og sat med sitt vendbare vaffeljarn over gassflammane. Vaflene, med rømme og jordbærsylte, smakte nydeleg. Dei beste på denne sida av årtusenskiftet. Takk skal du ha Asgeir. Dette vart ei perfekt avslutning på turen, før den siste grus-etappa ned att til Straumgjerde.