Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Høgsvora 13.04.2009


I fjor måtte vi snu halvvegs på grunn av dårleg ver, men i år hadde vi vergudane med oss. Det einaste usikre var om varmen dei siste dagane hadde smelta snøen så mykje at vi måtte bere skia eit stykke oppover.


9 personar møtte opp på Ørsneset. Vi tok ferga kl 10:10 og køyrde innover mot Vaksvika, opp Vaksvikfjellet til sportskapellet som er startpunktet for turen. Der stod Anita, Knut, Karoline og Håkon og venta på oss. Dei hadde køyrt om Stranda. Men kva med Tina? Ikkje Tina Turner, men fillebikkja til Knut. Han kunne fortelje at bikkja ikkje var heilt i form, og vart igjen heime. Mest truleg berre feika ho sjuk, var vel dritlei av å gå og vaspe I denne blaute og våte påskesnøen.. Kan vere gøtt å vere heime åleine og.


Heldigvis var det snø heilt ned til vegen, så det var berre å spenne på seg skia, trykkje inn cruise-kontrollen og gli oss inn mot Kvanndalen. Sette retninga mot ein tørr rabbe litt opp i sida der vi kunne sette oss ned og leite fram litt mat. Vi bestemde oss for å ikkje gå normalruta, men prøve den smale og litt luftige sørryggen. Snøen var passe blaut så vi kom oss opp utan større problem. Veret var kjempefint og utsikta fantasktisk, så vi vart sitjande der 1 time før vi låma oss ned normalruta. Eitt ypperleg trått føre for oss med vekt rundt 0,1 tonn. Tok ein kort pause ned ved elva før vi rann vidare ned til vegen.