Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Kårdalstindane 24.03.2008


Denne turen gikk til Blæja.


So fekk vi då endeleg det go'veret vi gjekk og stunda etter heile ferien. På tampen av ei heller ynkeleg påske, med mykje sur vind, snø og rennjeføk. Andre påskedag stod Blæja på programmet, og det var ikkje meir enn rett og rimeleg at vergudane (eller kven det no er som styrer med slikt) viste litt velvilje.


Heile 19 personer, samt bikkja Tina møtte opp ved grendahuset kl 9, trass i trottige snøbyger kvelden før. Den mest tursugne var nok Anne Marta uta Valderøya, som hadde overnatta i baksetet i bilen (og der e trangt) for ikkje å gå glipp av godsakene. Imponerande.


Ved nyrestaurerte Villa Nordang (Fivelstadhaugen) spente vi på oss skiene og strauk til skogs, der eit ferdigtrakka skispor låg og venta på oss. Aner ikkje kven som forærte oss denne presangen. Men so lenge sporet viste strake vegen mot toppen, var det berre å bukke og takke..


Ruta går opp ved foten av (nordsida) Kvitegga. Dess meir av moder jord vi trakka under oss, dess fleire kjende og kjære fjell dukka opp i alle dei sprikande himmelretningane; Hornindalsrokken, Rokkekjerringa (reine rockefestivalen!), Brekketindane, Slogen, Smørskredtind, Vollsetskåla, Skårene, o.s.b, kan ikkje ramse opp alt...


Og endeleg på toppen kunne vi sjå rett ned i Hjørundfjorden, der ein blenkjande tarm strekte seg mot Viddal under oss. Sjølv om det var fleire minusgrader i lufta, var det so vindstille på toppen at endåtil damene kunne la naturen gå sin gang. Berre litt av varden stakk opp. Den vart gul.


Nedturen blei ein opptur. Oii, oii. oii. Pudder, pudder, PUDDER! Bevare meg vel. Det vart ei uforgløymeleg kosestund oppå ei kvit og mjuk dundyne, nesten som ei kosestund under ei kvit og mjuk dundyne. Lite kan måle seg med Blæja på ein slik dag . (PS: Eg dreiv litt research og fann ut at ordet "blæja" skriv seg frå gamalnorsk og betyr kaken, derav odet bleie, altså det opprinnelege tøystykket som skal absorberte den fargerike materien som kjem ut av spebarn, ... men dette skal sjølvsag tikkje få øydelegge den fine opplevinga vi hadde i puddersnøen).