Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Urfjellet frå La 26.03.2017


Urfjellet vart til Auskjeret


Kraftig mildver dei siste dagane hadde tært hardt på snøen, så dei 3 som møtte opp til den annonserte toppturen til Urfjellet vart raskt samde om at mars var for tidleg for å bere ski oppgjennom bare lier. Auskjeret vart derfor fastsett som alternativt turmål, og køyredoningane vart sett i gir mot Fausaskiftet. Grusvegen frå skisenteret til Fausaskiftet viste seg å vere ein prøvelse i slalomkøyring mellom eit utal av vassfylte hol i alle størrelsar spreidd utover som på ein sveitserost.


I vindstille vart skiene tekne på i vegkanten og tuppane innretta mot Auskjeret. Mot toppen vart sikta redusert og vinden var frisk ved toppvarden som vart nådd etter 3 timars gange inkludert ei god matpause og nokre kortare rastar undervegs. Redusert sikt på skarpt føre vart avløyst av god sikt med sygande føre som tok på låra. Men alle kom vel ned.