Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Godøya eller Eltrane 08.10.2016


Rundtur på Godøya, 9.okt. 2016


Lett havtåke leika kring Storhornet ved starten frå Alnes kl.11:15. Dei 4 Fjellhug-vandrarane tok obligatorisk fotoposering på Godøya`s "Trolltunge" før siste bakkane mot øyas høgste punkt, Storhornet 947 m.o.h. , vart lagt under foten. Tåka forsvann som dogg for sola og ei storstilt utsikt gledde auga og sinnet.


Føtene vart sett i fri, og vi rulla ned bakkane til vi stod i strandkanten ved Gjuv. Her var det berre å følgje i floamålet der underlaget varierte frå storblokka steinur, vakre svaberg, juv og til frodige strandenger. På dei mest offslege plassane var det festa kjetting å halde seg til. Utanfor spelte havet og bar båtar i alle retningar.


Vakker og variert landskap heilt tilbake til Alnes fyr. Der dronning Sonja nokre dagar før hadde vore og opna øyas store kunstgalleri og kafé, eller opplevingssenter som det vert kalla på fint. Med kaffikopp og svele i hendene såg vi sola senka seg roleg i havet som sende sine evigvarande bølgjeskvulp mot drivkvit sandstrand i det klokka passerte seks.