Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Eggane(Emblemsfjellet) 17.01.2016


Etter snøfattige veker hadde Moder Jord endeleg funne fram den kvite vintekappa. Men ho var tynn og dårleg fòra.


Det var litt smågrubling for å finne ut kva slags fottøy ein skulle velje. Fire stykker satsa på ski og fire stykker satsa til fots, heldigvis utan at nokon gjekk ut som "taparar". Det viste seg nemleg at alt fungerte like bra, og at alternativa kun baud på ein smaksforskjell.


Innover flatene mot Østremsetra møtte vi mannskapet frå idrettlaget som laga sesongens første løypespor. Det var so ferskt at fjellhugarane var dei første fekk teste ut den glitrande skinneangen, som rett nok var krydra med ein og annan stein. Sola prøvde å bane veg for nokre strålar, men måtte gi opp etter eit par spede forsøk.


På Østremsetra fekk vi i oss litt energi før vi sikta oss nordover mot Vasstrandegga. Vinden hardna til og på toppen var det so bitande snøføyke at vi sporestreks tok ei 180-graders vending og gjekk same leia tilbake.


På heimveg tok ein avstikkar bortom Akslasetra, der forblåste kroppar fekk litt fast og flytande påfyll før siste etappe.