Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Dravlausnyken 31.05.2015


Etter ein kald vår med sein snøsmelting var vi skeptiske til snøforholda på egga. Rolf og Håkon tok difor ei synfaring dagan før, opp frå Hjorthol, Dravlausnykjen, osen, og ned til Struamgjerde. Det var mykje vintersnøv men ikkje verre enn at turen kunne gjennomførast.


Turdagen kom med skodde, regn og dårlege meldingar. Men vi ville prøve å gjennomføre den opprinnelige planen: Osen Botnen, Koppen, Tretindane, Dravlausnykjen, Aksleheiane, Osen.


Det var svært vått i råsa mot Botnen, men oppover mot Tretindane letta veret og resten av turen var opplett, skodde med glimt av den fantastiske utsikta frå Dravlausegga.


Vi gav oss god tid over "Himmelvegen" det mest utsette partiet etter Dravlausnykjen.


Oss gjekk ikkje egga til endes pga skodde, men tok av mot Aksleheia frå det lavaste punktet.


Mykje blaut snøv, to mann gjekk ned snøvfeltet og to rende seg på raua. Dagens andre pause hadde vi nedom snøvfeltet, den fyste var på Tredindane.


Rusla tilbake til bilen ved osen og var einige om at det hadde vore ein fin tur.


PS. Sidan vi var berre fire deltakera, køyrde vi kun ein bil frå møtestaden, turleiaren sin elbil. Kanskje første gang det har vore heilelektrisk transport frå møteplass til turmål??