Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Skopphornet 18.01.2015


Isblank veg opp til Erstadbakkane gjorde at vi (14 stk) tok føtene fatt heilt nede frå Riksheim Trevare. Dei med ski på beina viste fram nyskapande akrobatikk då piggtrådgjerder måtte forserast opp "snarvegen". Tidlegare i veka hadde himmelen servert gode mengder med snø i høgda, men denne dagen hadde han kviledag med gløtt av sol. For å unngå skredfaren oppi "skaret" valde vi direkteruta opp frå Ertsadsetra. Bratt og tett skog gjorde vegvalet utfordrande. Betre vart det ikkje då vi byrja å trakke gjennom skaren og synke ned i knedjup pudder. Heldigvis hadde det møtt fram eit par veltrente og trekklystne skigampar.


Første matykt tok vi før skogen slapp taket. Vi valde å gå opp langs ryggen på Ertsadfjellet der det både var betre utsikt og meir avblåst for snø (lettgått). Det andre alternativet (Smådalane) såg ut til å by på ei djupare meining, og det hadde vi ikkje krefter til. Meir eller mindre tappa for saft nådde vi toppen i akseptabel stil. Litt "gufse" og småføyke gjorde opphaldet kort, men det var ikkje verre enn at dei mest ekshibisjonistiske blotta sine sveitte overkroppar og skifta til tørt.


Nedfarta frå toppen til skogkanten var ein draum. Sjeldan har Skopphornet bydd fram slik ei silkemjuk kappe i februar. Vanlegvis ligg her eit lappeteppe av skarelag mellom godbitane. Denne dagen var altså unntaket. Det einaste som sette ein dempar på gleda var all syra som på uforklarleg vis hadde samla seg i låra.


Vi hadde ei ny matykt nede i skogkanten før sirkuset nedetter den bratte "jungelen" tok til. Ikkje akkurat den enklaste alpintrasèen, for å seie det mildt. Portane stod tett og skaretlaget tok stadig krokfot på slitne bein. Enkelte fann ut at dei ville satse på ei anna idrettsgrein og gjekk over til bobsleigh. Rumpa kan vere eit bra framkomstmiddel! Berre hauda stakk opp der dei susa mellom bjørkeleggane. Og dei med ski på beina tok i bruk all sin kreativitet når det gjaldt fallteknikkar. Mykje av det kunne gått rett inn i oppskriftsbøker for hekling eller båtsknutar. Endåtil bikkja gjorde store auge.


Urvisaren bikka fem før vi atter stod ved bilane. Då var det på grensa til mørkt. Kjekk tur!