Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Tungremst.-Nesdalen-Trandal 13.09.2014


Elleve fjellfrelste og to firbeinte starta frå Storevasshytta i Riksheimdalen i 11-tida. Seks av dei hadde då starta frå Erstadbakkane tildels grytidleg laurdagsmorgonen. Dei resterande 5 hadde fjuska litt og gått fram dagen/ kvelden før og overnatta i hytta.


Litt småkald vind inn mot andrevatnet, men temperaturen steig raskt i seige motbakkar mot tindepanorama frå Tungremstindane. Etter ei litt hustrig matykt på toppen var det godt å bevege seg sørover litt nedom egga mot skaret til Nesdalen. Litt småklyving opp til skaret der ein for mange ny fjelldal bretta seg ut framfor ein.


Nesdalen er både vill og mild på same tid. Villast mot Hjørundfjordsida med spisse tindenåler og kvasse toppar. Mild nede ved vatnet midt i dalen der Nesdalsstaven speglar seg. Temperaturen steig nedover dalen, fin matykt nede ved vatnet.


Når vi nærma oss skoggrensa brattna det til ned mot Nes. Grei men bratt hjorterås i starten, sia blei det verre... Øss fann nok ikkje den lettaste nedstigninga på meir eller mindre tydelege hjorteråser ned den bratte li, men til slutt kom alle beinheil ned på flat grusveg på Nes. Då var ikkje svøltne og tyste hugarar tungbedde når Torild på Christian Gaard lokka med nydeleg bacalaogryte og doggfrisk halvliter.


Ei flott avslutning på ein fin tur i vill og vakker sunnmørsnatur.