Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Liabygda rundt 10.08.2014


6 personar og 1 hund møtte opp og gjennomførte denne makelaust vakre turen i variert landskap med overlag fjordutsikt der ein passerar fjellgardar med kulturhistorisk sus som Ansok og Kleberg.


Etter å ha parkert på skilta parkeringsplass mellom Ringset og Ansok kunne vi traske bedageleg på grusveg til Ansok. Storslått fjordutsikt rett inn Sunnylvsfjorden openberra seg. Benkar var plassert strategisk fleire stadar. Her var det fritt fram å sesse seg å la auga kvile på alt det gilde. Frå Ansok, der den ikkje heilt ukjende kulturhistorikaren og forfattaren Sakarias Ansok levde sitt liv, var det far etter folk i form av opparbeidd "kjerreveg" vidare mot Kleberg. Før grinda til Kleberg barst det til skogs etter godt opparbeidd, skilta og merka sti. Ei rein nyting å gå, og varmen oste av kroppane i det vi sakte steig høgare og høgare i lendet. På høgde med Storvassdalsvatnet, som vi svinga inn om for å bunkre vatn, vart vi på nytt møtt av overveldane utsikt mot tettstaden Stranda og dei gilde fjordane Sunnylvsfjorden & Norddalsfjorden.


Etter å ha svelt unna dei mektige synsinntrykka heldt vi fram i eit lettkupert terreng, der ei og anna rype vart støkt på vingane, på vår ferd mot Holmesætra. Vår forjetta lunsjstad som funkla i lia langt der framme.


Termometeret på eit av sela viste 17 gr. C. i skuggen. Vi strekte oss ut og naut maten og livet. Ein time for fort her. Stien svinga austover og tok oss opp på snaufjellet med overlag utsikt over Storfjorden og Stordal. Frå vel 820 m.o.h. barst det ned i Fjelladalen der Liabygda IL. si fine hytte ved Fjelladalsvatnet skein bjart mot oss i sin nymåla raude let. Her tok vi ein kaloristopp og signerte i trimboka som var plassert i kasse på veggen. Signering i trimbøker er noko runden byr mykje på, minst 3-4 i talet telte vi.


Etter Fjelladalen barst det oppoverbakke til Ringsetkloven, turen høgste punkt rundt 880 m.o.h., i skaret mellom Jolgrøhornet og Vadbotnhornet. Fleire av turdeltakarane fekk assosiasjonar med landskapet fremst i Brunstaddalen. Etter skaret beundra vi mange fantasifulle inskripsjonar på ein sandstein før vi lot føtene trillen ned gjennom Ringsetbotnen, kryssa elva på ein høveleg stad og tok retning over myrlendt lende mot Ringsetsætra. Her vart vi møtt av bognande blåbærlyng. Dei blå antioksydantane vart blanda med sjokolade og kaffi til herlege energibomber som gav oss nye krefter gjennom den skrånande bjørkelia mot Ansoksætra. Brækande sauer helsa oss velkomne til sæters. Ny trimbok vart signert før vi tok fatt på stien ned gjennom i lia blant storvaksen furu. Stien skapte seg om til skogsveg og leia oss lukt ned til parkeringsplassen. Ringen var slutta. Bilane blunka oss velkomne tilbake etter knapt 10 timars makelaus naturnyting og 22 km meir slitne skosolar.