Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Heregga 29.06.2014


Vi var 8 tobeinte og 2 firebeinte turlystne som håpte på ein fin tur til Heregga denne Brøvollfestival helga og stilte opp morgonfriske kl. 08 søndags morgen. Stien opp frå Herdalssetra var både bratt og sleip av morgondugg, men opp kom vi og kunne ta fatt på den lange og vakre Herdalen.


Etter 3,3km kunne vi starte oppstigninga i ura. Veret endra seg etterkvart frå sol til duskregn, og igjen til hagl og snø i 1400 m høgde. Men utan at dette påvirka framdrifta og den gode stemninga.


Vel oppe ved varden oppdaga vi at ein av hundane var forsvunnet nedover den stupbratte fjellsida og stod fast på ei hylle under toppen. Heldigvis hadde Hans tau i sekken og hunden vart tilslutt hanka inn av eigaren som var godt sikra, med eit perfekt lassokast på ekte western vis.


Utsikta frå toppen vart noko dempa av lavt skydekke, men gruppa var likavel fornøgd med det som vart vist. På returen vart det tid til ein kaffe- og fiskestopp.