Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Mefjellet 02.03.2014


Vi blei ei gruppe på 10 stykke og en hund som tok fatt på turen innover, 3 stk. frå Stranda.


På turen innover vart det diskutert om vi skulle ta til toppen av Mefjellet. En visste at der var litt lite snø for skigåing etter opplysningar frå ein kjend mann i Valldalen. Vi avtalte på ferga at vi stopper i Valldalen for å speide etter skiturmuligheit. En kom fram til at Berdalsnibba (1343)var då eit betre alternativ enn Mefjellet denne dagen for skigåing.


Vi tok oss opp mot Klovset der vi kunne ta skia på eit stykke ned i setervegen. Fjellhugarane brukte ski mens gjengen frå Stranda tok på brodda for bestigning av toppen. Dei pakka og på truger på sekken. Føret var hardt, lett og fint og gå både for ski og broddar. Vi tok av ved Klovsetsætra og opp bratt bakkane mot Vassdalen. I denne litle dalen ligg der to vatn der det største heiter Vassdalsvatnet.


I enden av Vassdalen tek gjengen på ski og rundar bak Klovfellet medan dei tre på truger går over i bakkant av denne toppen der vi skal møtast for ein matbit før vi tek oss opp mot toppen. I matpausen er der ein veldig munter tone der en mimra om forskjellege episodar opp gjennom tida som har gått.


Vi starta på fremste delen av Meddalsheia opp mot toppen. Der vart etter kvart sterk vind men elles var veret bra denne dagen. Vi tok oss til toppen der det var ei gla dame frå Stranda som strekte hendene i veret då ho blei foreviga på toppen. Vi var ikkje mange minutta på toppen før vi tok fatt på turen ned igjen som mange gledde seg til då vinteren har skapt lite aktivitet på ski. Vi stoppa på same matstasjon som opp, med mange smil etter rask og ei etterlengta stund på ski.


Vi avtalte at vi møtast på Klovsetsætra der vi tok eit felles bilete av gjengen på tur denne dagen. Klovsetsætra ligg på 550 m over havet, med flott utsikt utover fjorden. Sætra har mange gamle hytter/sel, der nokre av dei er blitt restaurerte. Der er og ei gammal taubane som har vært brukt opp til denne sætra. Bakkane opp til sætra er bratte så den har nok vært til god hjelp opp igjennom åra.


Takk for turen