Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Kleivdalsfjellet 19.01.2014


Vi var morgonfriske 10 Fjellhugar og ein hund, som start tidleg frå Svartevatnet. Det var ein flott morgon og sola skein på fjelltoppane. Det var nesten ikkje snø i terrenget den første delen av oppstiginga så vi gjekk berre på beina.


I den brattaste oppstigninga før det første skaret måtte stegjern og kjettingar på. Dette for at vi skulle klare å kome oss opp på den hard og glatte snøen.


Neste alle kom seg opp, men ei måtte dessverre snu heim etter å ha mista taket under beina to gongar ned gjennom sida. Det var synd, men heldigvis braut ho ikkje noko bein. Men ho vart litt øm og blå på hofta ut over i den komande veka.


Sidan vi var så tidleg ute gjekk vi snar tur opp på Myrdalsfjellet, for å skrive oss inn i turbok til Velledalen Idrettslag.


Opp på toppen av Myrdalsfjellet hadde no vinden teke taket og det var heller kaldt. Vi valt derfor å finne oss ly før ryggen oppimot Kleivdalsfjellet. Det vart ein rask matpause, før vi starte vegen vidare opp over ryggen og på toppen av Kleivdalsfjellet.


Sidan det var så mykje vind var det best å berre kome seg opp på toppen snarast mogeleg og snu på ned igjen. Enkelt fekk erfare at vindponcho var godt å kunne få låne, for å kunne få i seg kroppsvarmen igjen. Hunden kura seg også inn i ly for å kunne verne seg mot den gjennomtrengande vinden som gjorde det så kaldt.


Det hadde no skya over, men utsikta over fjella i området var like vakker som alltid. Vi var tidleg ned igjen på Svartevatnet denne søndagsettermiddagen. Det var derfor tid til andre gjeremål eller ein ettermiddagskvild.