Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Gullmorhornet 24.08.2013


Nydeleg seinsommarvér denne siste laurdagen i august. Tett før kl. 10 var 14 fjellfrelste på føtne mot Valljasætra, komen opp på stølen fekk oss selskap av to til. Inn dalen og opp Gullmorbrekka i jamnt sig. Ei rett seig oppstigning mot Gullmordalen, godt med solid pause ved foten av Barstadflåna.


Inn i Gullmordalen, konsentrert ved hamrane i starten av vatnet (høgre side/ vest). Bratt opp urd og grasmark til platået under toppen. Litt klyving rundt fjellet frå nord mot vest.


Lang og god utsiktspause med solingsfaktor på toppen. Litt diskusjon om vidare vegval. Karl Egil forsette sørover mot Geitskaret medan resten av turfølgjet tok seg ned eit høveleg bratt gjel/ renne vestover mot Sykkylvsdalen.


Ein måtte vokte sine steg og halde eit lågt tungdepunkt. Eit noko uvanleg vegval, men godt gåandes. Når alle var komne vel ned rennå delte vi oss i to grupper. Halvparten var tyste so dei søkte seg ned i Sykkylvsdalen, medan resten fekk ei fin ferd over og ned Barstadflåna mot brekka. Begge grupper hadde ein fin tur.


Fin kveldssol ved Langsætra før siste rest av rås ned Langesæterdalen mot kraftverksdammen og bilveg med jernhest-skyss mot historisk hotell på Øye.


Læskeleg med kald Slogen-øl i hotellhagen, ei gild avslutnig på ein fin overganstur i godt selskap! Brukte ca 8,5 timar med gode pausar.