Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Geita 07.07.2013


Starten på fellesferien kunne knapt vore betre. Sol frå nesten skyfri himmel og eit mildt vinddrag som strauk langs fjord og fjell. I alt 9 personar, samt ein tursugen hund, starta frå Valljabrua med Geita som dagens mål.


Første del av turen bukta vi oss opp gjennom bjørkeskogen på magekjensla, men snart var vi inne på den gode råsa som følgjer moreneryggen langs nordsida av Dridalen. Oppe ved tregrensa var det duka for dagens første matrast. Med ny energi ga vi oss i kast med det breie og lutrygga toppmassivet, opp langs ur og lyngrabbar, heilt til varden gav seg til syne på den siste sjarmøretappa.


Utsikta frå Geita er framifrå, sjølv om toppen berre stikk 910 meter over nullpunktet. Grøne bøar og velstelte gardar, og ein fjord som stikk tunga si inn mot brear og bratte fjell. Då vi hadde sett nok av herlegheita var det enkelte som nytta høvet til å ta seg ein liten høneblund i den svale brisen.


På nedturen la vi vegen om Drivdalsvatnet og vidare langs elva nedetter dalen. Dette er eit lite nytta turområde der råsa er meir eller mindre fråverande. Likevel absolutt eit vegval å anbefale. Rett nok hamna vi i litt krattskog heilt nede ved Drivdalsfossen, men då var vi berre eit steinkast unna skogsvegen so det føltest meir som eit krydder på biffen.