Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Ramstadfjella 16.06.2013


Fjellhug kom med spørsmål om ein tur på Ramstadfjella , og tenkte då at dette måtte gjerast skikkeleg. Disse fjella skisserte ikkje i første utgåva av Fjellhugboka, mens Ramstadvarden dukka opp i andre utgåva. Men med ein utflytta Ramstaddaling som leiar fann dei endeleg ut at dei ville utforske disse fjella også, og då måtte vi få med oss mest mogeleg.


Den flotte søndagsmorgonen lova bra, sjølv om vi måtte konkurrere med shopping og tivoli som Sykkylvsdagane kunne lokke med. Etter å ha parkert bilen på Årsetsætra kom eg syklande opp til parkeringsplassen på Ramstad der det alt stod menge bilar parkert. Vi vart til slutt 13 personar og ein hund som starta kl 9.45, og gjekk så råsa opp mot Myrbørholten. Undervegs var vi bort om luftige utsiktspunkt der "sjøabyen" låg rett under oss.


Vidare opp ryggen mot Aksla er det viktig å finne rett rute, og vi bevegde oss jamt oppover med småklyving og strålande utsikt. Etter ca 2 timar var vi komne opp til første varde, mens varden på toppunktet viste seg å ha blåst ned. Dagmar ? Den stod der i alle fall i 2011.


Etter ei matpause held vi så høgda innover mor Ansokdalsvatnet , før vi forsette opp ryggen mot fjorden og fram til varen på Storfjellet. Der etter tok vi fatt på ryggen oppover mot Ramstadvarden, og følgde då kommune grensa mellom Stordal og Sykkylven eit stykke. Det fekk vi dagens quiz då Ronny Olsen fann hovudet av ein mår eller oter med ein imponerande tanngard.


Skodda som først hadde lagt seg på fjella i ytre, hadde etter kvart kome innover og ved Ramstadvarden dreiv den i full fart. Vi fann oss ein fin rasteplass i le før vi gjekk over toppen og vidare ned ryggen mellom Svartevatnet og Svindsetvatnet. Så over toppen og fram til varden på Storvarden med fin utsikt over Ramstaddalen. Gjekk via hytta til Jan Melset ved Kråkevatnet, før vi runda fram på Dansarnakken. No hadde dei fliste sett nok av Ramstaddalen, så turleiar var den einaste som gjekk ned på pynten for nok ein gong å ta flyfoto av gardane. På returen leita vi etter spor av gamle Ramstadsætra som står angitt på turkartet for Sykkylven, men vi fann lite. Ned på Årsetsætra kunne vi køyre til bake til Ramstad, og hadde brukt 8 timar på denne turen.