Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Kølen via Nibbehola 19.08.2012


Alle var samde om at det hadde vore ein fin tur. 15 personar, pluss tispa Sita og den litt meir nysgjerrige handhunden Manu ronda seg frå Svartevatnet mot sørlege delen av Heggene.Etter å ha funne ein fin passasje mellom Molteplukkarar , sauer og kjerr var vi plutseleg langt opp i bratte og harde motbakkar. Etter endå meir motbakkar flata det ut, og vi dreia til høgre mot morene ryggens høgaste punkt. Her vart det ein velfortent mat og drikke pause. Her i frå var det knytt litt spenning til korleis snøen var å gå på fordi somliga går rundt i trasiga skor. Flykta var ubegrunna, Snøen i heile Nibbehola var forma som trappetrinn, og kjempe fin å gå på sjølv med joggesko. På toppen av Hole tindane forsvann dei som i all hast måtte tilbake for å rekke div. kakeslabberas. Resten av oss forsette so til Kollen for meir mat, samt inspeksjon av hyttene. Her i frå bar det ned over til Brunstad setra og vidare til Brunstad der ein bil sto klar til å frakte sjåførane inn at på Svartevatnet.