Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Romsdalseggen 26.08.2012


Frå Åndalsnes fekk dei 12 frammøtte standsmessig busstransport til startpunktet i Venjesdalen.


Romsdalsegen har blitt eit populært turmål. Stien som var brei og tydeleg vitna også om dette.


Skydekket leika rundt toppane, og av og til kunne ein ane sola. Men den slapp aldri gjennom. Det gjorde at vi ikkje fekk den vakre og luftige utsikta ned i Romsdalen. Dei korte, luftige klyvepartia på eggen, vart dermed berre korte. På det høgste punktet dryssa det lette snøfnugg medan vi forterte maten. Pålegget "Snøfrisk " var i sitt rette element.


Ned mot Nesaksla fekk vi enkelte glimt mot Isterdalen og ned mot Åndalsnes sentrum.


6 ½ time etter starten frå Venjesdalen stod vi atter nede i Åndalsnes sentrum og kunne nyte softis og kaffi etter ei noko sleip og bratt nedstinging frå Nesaksla. Men glade og fornøgde var alle etter ein kjekk dag utandørs.