Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Fremste Skorene 13.05.2012


Tross rufsete ver på morgonkvisten møtte 10 forventningsfulle fram til tur. Og veret på indre viste seg "som vanleg" å vere eit hakk tørrare enn i ytre strøk. Skiene kunne settast på direkte frå parkeringsplassen på Korsmyra om lag 620 m.o.h. Berre Rolf Ståle drog fram nokre bøygde aluminiumsprofilar dekt med ein slags duk med bindingar på som han spente på beina. Truger kalla han det, og labba i veg i lag med skigåarane.


Turen vart annonsert som K tur (krevjande kosetur) så turleiarane la like godt inn ein liten omveg om Hesjedalshaugen for å understreke kosen. Første matpausen vart teken i om lag 1.000 meters høgde før motbakkane tørna seg opp.


Med godt fylte vember snegla skitoget i fleire hårnålsvingar opp mot toppen, medan trugeguten la ruta etter loddlinja. I om lag 1500 meters høgde var det klart for ny rast og litt klabbeskraping. Her auka vinden på og den brattaste delen av ruta stod for tur. Den viste seg å vere isete og i tillegg ha parti med ustabil fokksnø. Dette gjorde at enkelte fekk vanskar med festet og fann det tryggast å ta skia over herda eller surre dei fast på sekken og sparke seg tak vidare oppover med skistavane som gode støttespelarar. Vinden tiltok proporsjonalt med høgda over havet og i det det flata ut mot toppen var både sikta og evna til å stå skikkeleg oppreist redusert. Det vart ei kort samling ved den nedste varden før vi sette inn støtet mot toppvarden. Faktisk kunne vi i korte glimt av og til skimte noko slik at dei fleste kunne få ei forstilling av korleis det kunne ha sett ut på ein flott dag. Toppunktet var ingen blivande stad, og etter litt varm kaffi på bindingane fekk alle på seg skiene og kunne ta fatt på turen ned. Dette vart ingen skileik med fjåge svingar, men heller ei stiltring i blind leik på knudrete underlag som du knapt såg men måte prøve å føle etter beste evne. Vinden ville rive av kleda og piska snøen hardt og ubarmhjertig mot alt som ikkje var tildekt. Det merkast i trynet.


Sjølv i bratt bakke var det berre å styre mot vinden så stod ein så godt som still. Sikta var dårleg og vinden overdøyvde det meste, så det galt å halde gruppa samla.


Returen vart lagt via det lavaste punktet på ryggen, før vi traverserte rundt den isete bratte bakken vi gjekk opp og kom dermed tilbake til siste pausepunktet. Her i frå stilna vinden, og vi kunne leike oss hemningslaust vidare nedover fjellsida. I lavare lende var snøen våtare og handbremseffekten var merkbar.


Etter ei lita mat- og drikkepause, slik at trugemannen kunne nå oss att ,fortsette vi glade og lykkelege unna bakke ned til parkeringsplassen på Korsmyra. Ein herleg, frisk (les: vindfull) tur var dermed over.