Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Blåfjellet 29.04.2012


Sundag 29.4. var ein god dag for topptursvøltne skisjeler.Grunna grytidleg uppmøte ved grendahuset(kl.830) var det ikkje alle som var heilt vakne enno. Men dei som var vakne kunne konstatere at her hadde yr.no truffe blinkskot med vermeldinga. Laurdagen var rett sur med nordvestleg kuling og sludd/snø ned i fjøresteinane. Sumarkledde bilar sleit over Ørskogfjellet. Men sundagen knalla til med skarp sol frå djupblå himmel.


12 disiplar møttest ved grendahuset, 3 til i fergekøa på Sløgstad. Midtvegs på fjorden fekk oss telefon frå to etteranmeldte ( dei hadde kika på nettsida, der stod uppmøte kl. 9, i annonsa i Sykkylvsbladet stod det kl.830) Nett-gutane var ikkje verre på det enn at dei heiv seg rundt og symde etter ferga( rettare: tok neste ferje) Raske so dei var nådde dei oss att på Nysætra, turens lunaste pauseplass.


Oss sette frå oss jarnhestane ved parkeringsplass merka Ruggå ved Hauge i Fjørå på ca. 380 moh. Skia fekk oss ta på med det same, enkelte beheldt dei på når oss kryssa kommunevegen også( + enkelte tøyabøter på sætrevegen mot Nysætra) Eit storslagent fjordpanorama bretta seg ut for oss heile vegen til topps. Etter at 15 hadde blitt til 17 staka vi ut kursen over heia om lag der sumarråsa mot Heggurddalen går. Etter å ha runda fjellryggen barst det rett austover mot Heggurdaksla. I ca. 1300 meters høgde tok vi ein kjapp matrast( kald vind) Vidare langslak rygg mot toppen av Blåfjellet på 1575 m.o.h. med markert skavel mot nord heile vegen.


Komen dit såg apostlane ein nut som var endå høgare litt lenger borte(1602 på kartet), dit måtte dei sjølvsagt. No var sjølv dei ivrigaste nøgde, her i vel 1600 meters høgde hadde våren enno ikkje fått overtaket på kong vinter. Sjølv om vårherre bles litt Sibirluft på oss var utsikta imponerande. Næraste naboane mot sør og aust var Årødalstinden, Muldalseggja og sjølvaste Trollkyrkja. Fjell på fjell kring Valldalen i nord og smygande fjordpanorama med Tafjorden, Norddalsfjorden og Storfjorden mot vest.


Litt avblese føre ned ryggen mot Heggurdaksla, derifrå rett pudder i den nordvendte bratta mot heia. Her kunne ein velje brattleik etter dagsform og sjølvtillit. Frå den grannaste hardangersaum til den grovaste rettsaum( Jarle`s hocky.)


Siste og varmaste nisteetarstunda på Nysætra der vi med kjennarmine kunne beundre sjøllaga signaturar frå fjellsida vi nett hadde komen ned. Fagfolk er no ein gong fagfolk.Nedfarta frå sætra på skjelvande og oksygenskrikande lår var eit syn for gudar. Likeeins den bråe bremsinga når skia kom ut av litt raskare gammalsnøspor over i solsleika nysnø. Rykk meg heim. Etter fintelling ved p-plassen viste det seg at alle var like beinheil.


Ein kjekke skitur med gode apostlar i inspirerande natur.


Kjell G.