Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Riksheimdalen 13.09.2008


Rigmor og Hans Kristian "tjuvstarta" og fann vegen til Kraftverkhytta allereie fredagskvelden. Dagen etter var det tjukk skodde og regn, likevel klarte dei å finne vege til den namnlause toppen på 1205 meter, mellom Molaupsskaret og Stokkfonnskaret. Er ein tursugen so er ein tursugen! Sterkt.


Før dei andre nådde hytta utpå kveldinga hadde H.K. også otra på land to feite kræ. Kvelden blei som vanleg triveleg og sosial.


Eit rykande ferskt brudepar (M+Ø) vart møtt med brudesuita klar (dobbeltkøya pynta med levande lys og dopapir med påskrift).


Seinare vanke det både fersk ørretmiddak (HK + Rigmor), indrefilet av nyskoten hjort (Ole Erling), dajmkake(Lars Peter) og prevensjonsmiddel (han døkke veit).


Like før midnatt dukka Kjell K. opp med gitaren, og han drog ein rypeskrott ut av sekken. Fole kjekk kveld/natt.


Søndagsmorgon var sola "back in business". Kroppane fungerte bra og i halv 11 tida var vi på veg.


Målet var Nesdalen, ein godt gøymd tarm som går ned mot Hjørundfjorden. Vi fann det rette skaret på første forsøk og rasta i solsida, mens vi kika ned på Seljeneshornet. Det såg rimeleg luftig ut ja. Og dit skulle vi ??!! Ingen hadde vore der før, og det prikka litt i kroppane.


Men komne so langt, så måtte vi iallfall gjere eit forsøk. Egga bort mot toppen er særs smal og luftig, på begge sider. 20-30 m før sjølve toppen, reiser egga seg nesten rett opp. Her blei det full stopp i gjengen, både med og mot eigne viljar.


Men Ole E gav seg ikkje, sjølv om regnet dagen før hadde gjort mosen noko fuktig. Han klivra til topps som eit klebemiddel. "Det e'kje so gale", sopte han ned att, med føter og hender i stjerneformasjon.


På heimvegen la vi turen om varden på Tungremstindane, slik at alle skulle få seg ei toppnotering.


Og sist men ikkje minst so fekk vi tømd utedassen på hytta. Det hadde tøppa seg, og det var noko drit. Men resten av turen var heilt tøpp.