Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Fausateighornet 22.01.2012


Kuldegrader, sol frå nesten skyfri himmel og fint skiføre lokka mange skientusiaster ut denne dagen. 23 personer valgte å følge Fjellhug til topps på Fausateighornet. På denne turen kan ein skryte av at ein går innom heile 3 kommuner (Sykkylven, Stranda og Stordal) Turen går i åpent lett terreng heilt til topps.


Vinden auka på oppover lia, men kaffi må ein ha på tur uansett, så vi fann oss ein fin leplass og fekk nyte mat og drikke og nokre skrøner vart vel også servert. På toppen tok vinden såpass at det ikkje frista og slå seg ned, så vi gjorde vendereis relativt raskt. Men kaffikanna var framleis ikkje heilt tom, så vi fann oss like godt ein lun plass i skoggrensa og nytte både sol, kaffi og godt lag.