Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Vadbotnhornet 08.01.2012


Frå Stavseng i Liabygda, 10 kuldegrader, sol frå knallblå himmel, minst en god halvmeter med silkemjukt pudder. Sundag 8.1. i det heilt nye året 2012. Fyrste sundagen og for dei fleste fyrste skituren, både for året og sesongen. Det var 15 toppsvøltne og skiglade hugarar som steig ut av bilvarmen på Stavseng-garden denne nydelege sundagsføremiddagen med 10 kalde blå, glitrande snøkrystallar og leikande januarmorgonsol på høgste nutane.


HK-turleiar trakka bestemt løype oppover sætrevegen mot Gamlesætra. Med minst 50 cm nysnø var det tungt å trakke løype, og som den gode stapeisen han er måtte vi nesten ta frå han skia for at guten skulle sleppe seg ned i feltet. Frå sætra var vi komen opp i sol-landet. Grunna mykje godt dritver både i romjula og rett over nyåret var det sjeldan godt å få besøke dette glitrande gode vinterlandskapet urøyvt av tobeinte.


Ved inngangen til dalen, Ringsetbotnen, sikta vi oss inn på sørryggen opp mot Heihornet. Fin rast i sida med utsøkt fjordpanorama. 4 toppfrelste på veg mot Jolgrøhornet på andre sida av dalen. Komen opp i over 1000 meters høgde flata det ut forbi Heihornet. Fin og brei rygg svinga seg fint nordvestover. Ikkje lange biten no til toppen av Vadbotnhornet på 1205 moh. Vel 3 timar til topps med pause(ca. 900 høgdemeter) Kald austaskjelle ved varden, kort audiens med felleskift og klesbyte i ei viss fart. Oss gleda oss som små ungar til nedrennet, sørvestover rett ned i dalen. Jørgen dansa leikande lett nedover kveldsol-måla pudderdraum, oss andre prøvde vel å danse oss med, rusa som vi var på pumpande adrenalin. Nydeleg føre for øsne skifantar. Litt staking ut dalen før oss kom inn på opp-løypa og fekk meir fart nedatt mot Stavseng. Susande forbi Gamlesætra i silkemjuk januarsnøv. Nedrennet gjekk so altfor fort føre seg, nesten som ein skulle labba uppatt på nytt. Glade grimasar i alle anlet når skiutstyret blei pakka innatt i automobilane, rett ein god måte å kaste vekk ein preikesundag på. Og i etterpåklokskapens skarpe lys må ein vel kunne sei at oss va rett dritheldig med både ver og føre.