Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Gamlemsveten 30.10.2011


7 frammøte gauv laus på den bratte, gruslagde vegen opp mot Gamlemsveten. Vinden og regnet piska fanden i voldsk under heile oppstigninga, og det vart ymta frampå om det kanskje var best å snu då vindkasta var på det verste. Men med ofsleg høge vegstikker med piler på sidene og god grusveg under føtene skulle det noko til å rote seg bort sjølv i den tjukke tåka som kom veltande. Bygningana på toppen såg vi nesten ikkje før vi stonga i dei.


I le av ein vegg inntok vi maten ståande før oss pjaska oss nedover att temmeleg fort.


Mot slutten letna det slik av vi kunne drage hettene opp for auga og skue utover havet. Vi forstod at dette kunne ha vore ein vakker tur om vergudane ikkje hadde vore så pinleg påhaldane med utsikta.