Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Hornindalsrokken 21.08.2011


32 hugarar og ein hund var klar til å bestige Rokken i fint seinsommervær, men med noko utrygg værmelding. Etter ein liten time i bil til "Hønndalen bru" og på bomveg til sætra, blei det innformert litt om ruta som vi skulle gå og korleis turleiarane tenkte å gjennomføre turen.


Første del av turen fram gjennom sætredalen til vatnet "Store Luka"som ligg ved foten av Hornindalsrokken, gjekk på den gamle anleggsvegen frå 1960-talet. Her blei det ei god pause med mat og drikke. Vi fekk og besøk av 4-beinte ulldottar som lurte på kva godt vi hadde i matpakkane. Hunden blei nøye innspisert utan at han brydde seg så mykje om dei.


Skyene blei no stadig tyngre, og vi fann det best å starte på den bratte Rokkeråsa. Her skal 500 høgdemeter bestigast i bratt stigning. Gruppa gjekk i rolig tempo, og like før vi nådde bandet kom duskregnet. Alle fjellhugarane kom samla hit til ei ny matpause.


For svært mange var dette første gang til toppen, og i håp om å få sjå den fine utsikta før været tjukna til, blei kvilen ikkje så altfor lang. Enkelte var noko skeptiske med tanke på om det var for bratt, men alle kom til topps. Utsikta var fantastisk sjølv om det var stadig meir regn heldt skydekket seg høgt.


På returen blei det byger med striregn, rokkeråsa var enkelte stader meir som ein bekk, men alle kom likevel heilskinna ned, smilande og godt fornøgde med ein super tur!


Ein flott gjeng å vere turleiarar for!